BKK Nett AS

Energimontør i BKK Nett, Etne

Med over 220 000 kundar og eit straumnett på 16 500 kilometer, er BKK Nett eit av Norges største distributørar av elektrisk energi. Vi sikrar ei stabil straumforsyning og byggjer eit framtidsretta straumnett på Vestlandet.

 

Vi ynskjer å medverka til å sikra arbeidsplassar i lokalsamfunna. Dette var viktig for oss i samband med overtakinga av BKK Etne Elektrisitetslag i 2018.  Difor er vi stolte over at vi no, omlag eit halvt år etter oppkjøpet, utvidar avdelinga i Etne med ei ny stilling som energimontør. Dette vil styrka den allereie gode beredskapen vi har i Etne og legga til rette for auka utbygging av straumnettet, vedlikehald og service i området.

 

Hos oss får du jobba med morgondagens straumnett og energiløysingar. Nettopp difor kan denne stillinga vera noko for deg som ynskjer å jobba som energimontør i Etne.

 

Arbeidsoppgåver

  • Nyanlegg, drift og vedlikehald av BKK Nett sine anlegg hovudsakleg i Etne.
  • Deltaking i lokal beredskapsvakt.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som energimontør.
  • Førarkort klasse B, fordel med klasse C.
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid i distribusjonsnett, men nyutdanna kan også søkja.

 

Vi ynskjer oss ein medarbeidar som er fagleg dyktig, lojal, har gode samarbeidsevner og er resultatorientert.

 

Vi tilbyr

Hos oss får du utfordrande arbeidsoppgåver i eit engasjerande arbeidsmiljø med gode utsikter for fagleg utvikling.

 

Søknad sender du via vårt elektroniske søknadsskjema. Vi gjer merksam på at vi kun tek imot søknader via dette søknadsskjemaet.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Hordaland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.03.2019

Arbeidssted:

Etne

Kontaktpersoner:

Einar Arefjord

mob: +47 90235823

Torill Landøy

mob: +47 41629708

Adresse:

Kokstadvegen 37 5020 Bergen